”Kaninbyen” er siste del av Stavangertrilogien til Arild Rein. Forfattaren er kjent for sin sosialrealistiske og harde skrivestil, og nyttar denne forma for å vise trekk ved Stavanger og det norske samfunn som det er verd å tenkje nærmare over. Handlinga går føre seg i Stavanger og gjer oss eit bilete av råskap og brutalitet i byen. Forfattaren set eit kritisk lys på samfunnsutviklinga, kor grådigheit og egoisme pregar kvardagen til hovudpersonen.
I romanen får vi høyre om livet til den tidlegare politimannen Jonny Roxmann. Han leiger ut leilegheita til hallikverksemd og må difor flytte inn i kolonihagen han arva av faren, og slutte som spanar i politiet. Jonny er ein usympatisk mann med ei negativ haldning til alt, og får det han treng med å stele, lyge og svindle forsikringsselskap. For å tene nokre pengar på ærleg vis, opnar han ei bod under Gladmatfestivalen og sel bakte potetar til innbyggjarane i Stavanger. Jonny innleiar også eit romantisk forhold til ei asiatisk dame med namnet Kim, og seinare i boka får vi høyre at også ho driv med ulovleg verksemd.
”Kaninbyen” er nok meint som eit oppgjer med velstanden og rikdommen i Stavanger. Forfattaren er kritisk til det som skjuler seg bak fasaden og gjev oss difor eit innsyn i Stavangers underverd, kor einsemd, løgn og menneskehandel står i sentrum. Hovudpersonen er sterkt svekka både menneskeleg, moralsk og språkleg, og gjer alt for å øydelegge for alle som står han nær. For å sette det heile verkeleg på spissen er sex eit tema som går igjen som ein raud tråd i boka. Seksualitet blir framstilt som ein drivkraft og for å tilfredsstille behov, og ikkje som noko fint som har med kjærleik og kjensler for eit anna menneske å gjere. Bodskapen i boka er å vekke lesaren sin merksemd slik at vi blir meir opne, omsynsfulle og viser gjestfridom, nestekjærleik og toleranse overfor våre medmenneske. Som eit verkemiddel for å få frem bodskapen på ein tydeleg måte og for å provosere lesaren, brukar Arild Rein eit grovt språk med mykje banning.
Eg synes at romanen var grei, men den grove språkbruken øydela for mi eiga lesing. Banninga er meint for å understreke eit poeng, men blir berre irriterande og ubehageleg å lese. Vi kunne kjenne att stader frå Stavanger som til dømes Eiganes Kolonihage, Hundvåg og Gladmatfestivalen. Attkjenninga gjer det positivt for lesarar frå Stavanger, og det blir difor lettare å forstå handlinga, men eg vil ikkje tilrå boka til andre.
Kjelder:
Google. Kaninbyen av Arild Rein. Lokalisert 27.05.2011
- Rein, Arild. 2004. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. Oslo.